Hendingar
-
-
Foredrag: “Min Garborg” med Åse Wetås
Garborgsenteret/Time bibliotek Hetlandsgata 11, BryneKvart år inviterer me ein framståande person til å fortelja om sitt forhold til Arne og Hulda Garborg. Året Arne fyller 175 år er det leiaren av Språkrådet, Åse Wetås, sin tur. Åse Wetås er språkforskar og leksikograf. Ho var i mange år prosjektdirektør for Norsk Ordbok og er sidan 2015 direktør i Språkrådet. Ho…
Kr 200 -

Heimante spesial: Kjell Arild Pollestad les og fortel
Mellombels Storgata 7, BryneOpplesingsarrangementet Heimante på Mellombels er blitt tradisjon under Garborgdagar. Dette året les Kjell Arild Pollestad frå si nye bok, og krydrar med gode historier. Om "Til Jæren med Pater Pollestad" skriv forfattaren: “Om Jæren har eg gjennom åra skrive mykje, og no har eg som gamal mann sett saman ein litterær «jærsalat» av eigne tekstar…
Kr 100 -

Gorrlaus: Garborg-kveld i Stavanger
Tou Loftet Kvitsøygata 25, StavangerJubileumsskrift-lansering, Haugtussa-konsert med Øyonn Groven Myhren og dans ut i dei små timar. Program: Lansering av jubileumsskrift i høve Garborg sitt 175 årsjubileum: «Me skylde han eit minnesmerke - Arne Garborg og den frilynte ungdomsrørsla i Stavanger». Samtale mellom Anders Sundsteigen Hana og Morten Vestbø om utgjevinga som i hovudsak tar for seg perioden 1900…
Kr 180 -

Trette menn-marsjen 2026
Bryne stasjon Jernbanegata 8, BryneEi mil med litteratur og natur på Høgjæren - på Arne Garborgs 175-årsdag! I år går turen frå Knudaheio til Snòrestad og Lauvlia. Turen er om lag 10 km. NB! Avgrensa med plassar, kjøp billett på førehand. Trette menn-marsjen har vore fast innslag under Garborgdagar sidan 2020. Me går i alt slags vintervêr, med litterært…
Kr 250 -

Festkveld: Fødde på Jæren
Storstova Arne Garborgs veg 26, BryneEin jærsk festkveld i Storstova Bursdagskvelden for Arne Garborgs 175-årsdag vert ei feiring av diktarens opphav: Jæren. Programleiar Hilde Zahl spør: Kva er typisk jærsk, for språket og lynnet? Kva jærske uttrykk er dei beste? Kva er dei løgnaste orda? Korleis har jærsk og Jæren endra seg sidan Garborg levde? I sofapanelet sit tidlegare redaktør…
Kr 250 -

Forfattarsamtale: Krim og poesi med Ruth Lillegraven
Garborgsenteret/Time bibliotek Hetlandsgata 11, BryneRuth Lillegraven er noko så sjeldan som både krim- og poesidronning, og denne kvelden får du høve til å bli nærmare kjend med forfattaren bak den psykologiske thriller-trilogien om Clara Lofthus. Samtaleleiar er Brita Strand Rangnes. Ruth Lillegraven (f. 1978) bur Granvin i Hardanger, har gitt ut kring tjue bøker for barn og vaksne i…
Kr 200 -
Ein time med Tore Renberg
Garborgsenteret/Time bibliotek Hetlandsgata 11, BryneTore Renberg er ein av dei mest anerkjende og produktive forfattarane i Noreg. Bøkene hans er omsette til mange språk, og han har motteke ei rekke prisar, blant anna for Kompani Orheim (Brageprisen) og Tollak til Ingeborg (Bokhandlerprisen og Nynorsk litteraturpris). Med romanen Du er så lys (2016) oppdaga han kor naturleg og forløysande det kjendest for han å skriva på…
Kr 100 -

Garborgs “Mannfolk”: Foredrag med Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Garborgsenteret/Time bibliotek Hetlandsgata 11, BryneLekam, sinn og kjærleik i eit samfunn basert på lygn I 1886 gav Arne Garborg ut romanen «Mannfolk». Boka vekte sterkt engasjement og gjorde at Garborg mista stillinga si som statsrevisor i Kristiania. I dette foredraget vert boka brukt som grunnlag for ei slags miljøanalyse av krava til innvandrarar i Kristiania og kvifor sanning vert…
Kr 100–Kr 200 -

Sanning under press: Foredrag med Arne Johan Vetlesen
Garborgsenteret/Time bibliotek Hetlandsgata 11, BryneForedrag ved filosof Arne Johan Vetlesen "Sandheden - Sandheden, om den saa skal føre til Helvede" er eit kjent sitat fra Arne Garborg. Både Garborg og andre norske forfattarar heldt det som et ideal "å vera i sanning". Men kva ville det seia? Og kva tyder sanning i 2026? Finst det ein standard, eit sett…
Kr 100 -
Edmund Austigard: “Hvítrheimr”
Garborgsenteret/Time bibliotek Hetlandsgata 11, BryneUnder Garborgdagar les Edmund Austigard utdrag frå den nye romanen sin i utstillinga på Garborgsenteret. Forfattar Edmund Austigard er frå Årdal i Ryfylke. Han er kjend for sine skarpe analysar av bygdesamfunn og evna til å blanda realisme med det komisk absurde. Austigard debuterte i 2005 med den sprelske og kritikarroste bygdekrøniken Krinsereglane, og følgde…
Gratis -

Forfattarsamtale: Kampen om naturen
Mellombels Storgata 7, BryneSigri Sandbergs bok Det året eg vakna: kva skjer med naturen – og med oss? og Edmund Austigards roman Hvítrheimr skildrar begge naturtap og klimaendringar. Forfattarane samtalar med Bothild Å. Nordsletten om bøkene sine, kampen om naturressursane og frykta for konsekvensane når naturen stadig taper terreng. Sigrid Sandberg er frilansjournalist og forfattar. Edmund Austigard er…
Kr 200 -

Kviss på Mellombels
Mellombels Storgata 7, BryneDet er alltid god stemning når Jæren mållag arrangerer kvisskveldar på Mellombels, og Garborgdagar vert ikkje noko unnatak. Kvissmaster er Jan Inge Buene og programleiar er Magne Viggo Høyland. Innhaldet i kvissane er godt og variert, og ein treng verken vera nynorskekspert eller Garborg-kjennar for å delta. To rundar. Premie til vinnarlaget og eit trekt…
Gratis -
Kunstutstilling: Rotvelt
Bryne mølle Reevegen 1, BryneUndertittel: Utstillingsopning med kunstnar Jørund Aase og forfattar Øyvind Rimbereid Stad: Bryne mølle I utstillinga Rotvelt tar Jørund Aase utgangspunkt i tema som sivilisasjonskollaps og meiningsvakuum, sensitivitet og transformasjon. Arne Garborg var eit sensitivt menneske som kjende djupt på omveltningane i si tid, og tok kompromisslause oppgjer med utdaterte tradisjonar og tankesett. I vår…
Gratis -

Teater: Rasjonelt fjosstell
Hulda Garborgs store komedieklassikar frå 1896, tilpassa jærske forhold! Ei erfaren bondekone og ein tafatt husbonde har drive garden etter tradisjon i årevis. Men når dottera kjem heim frå folkeskulen, med nye idear om korleis garden skal driftast blir det baluba for den jærske familien. Velkommen til ein gard på byrjinga av 1900-talet, der tradisjonen…
Kr 280 -

Middag med Hulda Garborg
ApoteketHulda Garborg reiste verda rundt og samla inspirasjon i matvegen. Ho skreiv Heimestell, den første kokeboka på nynorsk, der ho delte oppskrifter inspirert av andre lands kokekunst kombinert med kortreiste råvarer. Nå gjenskaper Garborgdagar oppskrifter frå boka saman med kokk Kjetil Skaret frå Servit. Kjetil er Brynebu og har jobba på nokre av landets beste…
Kr1380 -

Folkedans på Garborgsenteret
Garborgsenteret/Time bibliotek Hetlandsgata 11, BryneKurs i folkedans for barn og familiar Intro/nybegynnarkurs i folkedans vil gje ei enkel innføring i delar av norsk folkedans. Kanskje vil det kjennast meir som å bli leia i dans enn kursing? Det vert i alle fall gildt å dansa i lag! Kurset vert halde av Ingeleiv Berstad som er både samtidsdansar, folkedansar, folkemusikar…
Gratis -

Garborg og Bondeungdomslaget
Garborgsenteret/Time bibliotek Hetlandsgata 11, BryneSamtale mellom Anders Hana og Morten Vestbø Lansering av jubileumsskrift i høve Garborg sitt 175 årsjubileum: «Me skylde han eit minnesmerke - Arne Garborg og den frilynte ungdomsrørsla i Stavanger». Samtale mellom Anders Sundsteigen Hana og Morten Vestbø om utgjevinga som i hovudsak tar for seg perioden 1900 til 1940, ei tid då Bondeungdomslaget var…
Kr 100 -

Garborg og fela
Garborgsenteret/Time bibliotek Hetlandsgata 11, BryneMusikalsk foredrag med Malmin Malmin er ein duo som har fordjupa seg i folkemusikk frå Rogaland, og som i denne økta vil sirkla seg inn på Jæren spesielt, og samtidig kopla det opp mot felespelaren Arne Garborg. Publikum får eit møte med folketonar som har røter langt tilbake i tid, så langt at dei må…
Kr 100 -

MALMIN spelar til dans
Garborgsenteret/Time bibliotek Hetlandsgata 11, BryneFolkemusikk med duoen MALMIN. Bli med og dans når Malmin spelar opp til dans på Time bibliotek! Både erfarne dansarar og nybegynnarar er hjarteleg velkomne. Det blir gitt ein kort introduksjon for nybegynnarar i starten av arrangementet. Duoen Malmin fokuserer på folkemusikken frå Suldal og Bjerkheim, og består av Olav Christer Rossebø, kjend frå m.a.…
Gratis -
-
Garborg baska med liv og tru: kveldsgudsteneste med foredrag og song
Bryne kyrkjeKveldsgudstenestene i Bryne kyrkje er temagudstenester med rom for refleksjon, bøn og varierte musikalske innslag. Denne gongen slår kyrkjelyden seg saman med Garborgdagar og ønsker alle velkomne til ei stemningsfull oppleving der ord, tonar og tru møtast. Gudstenesta vert leia av kantor Per Olav Egeland og sokneprest Stein Ødegård. Jorunn Undheim syng. Ho er ein…
Gratis